São Miguel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
São Miguel
Lagoa das Sete Cidades
Lagoa das Sete Cidades
Geografi
Sao Miguel-pos.png
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 37°44′13″N 25°41′64″WKoordinatar: 37°44′13″N 25°41′64″W
Øygruppe Asorane
Areal 759 km²
Høgaste punkt Pico da Vara (1105 moh.)
Administrasjon
Land Portugal
Autonom region Asorane
Største busetnad Ponta Delgada (64 156 innb.)
Demografi
Folketal 140 000 (2003)
Folketettleik 184 /km²

São Miguel er den største og mest folkerike øya i Asorane i Portugal. Ho dekkjer eit areal på 759 km² og har om lag 140 000 innbyggjarar. Den største byen er Ponta Delgada med om lag 45 000 innbyggjarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Landskap aust på São Miguel

São Miguel strekkjer seg 64 km frå aust til vest og er mellom 8 og 14 km brei. Ho har fått kalle namnet «Den grøne øya» og er stort sett dekt av enger og sletter i låglandet. Den gamle laurisilva-skogen er stort sett erstatta av eksotisk vegetasjon. Enkelte varmekjelder (caldeiras) finn ein hovudsakleg i sentrale delar av øya. São Miguel har tre stratovulkanar og kalderaer, Sete Cidades, Agua de Pau, Caldeiras og Furnas. Dei vulkanske massane er knytt saman av kjegleliknande massar som dannar toppane.

Mosteiros, ein landsby på nordvestkysten

Området mellom Sete Cidades og Fogo er eit monogenetisk vulkanfelt som består av 270 vulkanar. Dei består hovudsakleg av basaltiske kjegler. Dette er området som sist hadde vulkansk aktivitet på øya. Ein har talt 19 utbrot dei siste 3000 åra, og det siste kjende kom i 1652.

Det høgaste punktet på São Miguel er Pico da Vara på 1103 meter over havet.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Historie[endre | endre wikiteksten]

São Miguel var den andre av øyane i Asorane der det vart grunnlagd ein portugisisk busetnad i 1427.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]