Sädvvájávrre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sädvvájávrre
innsjø
Land  Sverige
Del av Bottenvikens vanndistrikt
Kart
Sädvvájávrre
66°28′30″N 16°27′03″E / 66.475°N 16.450833333333°E / 66.475; 16.450833333333

Sädvvájávrre (eldre skrivemåte Sädvajaure) er ein innsjø langs den øvste delen av Skellefte älv i Arjeplog kommun i Norrbottens län i Sverige.

På sørsida av Sädvvájávrre fanst det i åra mellom 1635 og 1659 eit støyperi som høyrte til Nasafjälls silververk. Store delar av furuskogen rundt innsjøen vart avvirka gjennom denne industriepoken, og er framleis ikkje i den opphavlege tilstanden sin. Det lokale kyrkjesoknet Silbojokks församling hadde eit forsamlingslokale ved støyperiet, og dei fortsette verksemda si òg etter nedlegginga av støyperiet. Silvervägen følgjer nordbreidda av Sädvvájávrre, medan nasjonalparken Pieljekaise ligg på sørsida.

Vassmagasin[endre | endre wikiteksten]

Sädvvájávrre vert nytta som vassmagasin for langtidsregulering av vasskraftsproduksjonen i den relativt utbygde Skellefte älv. Innsjøen har i fleire gonger blitt regulert, i åra 1942, 1953 og 1985. Vassivået varierer mellom 460,7 og 477 meter over havet. Volumet er 605 millionar m³.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norrman, Jan (1989). «Kraftverk i Skellefteälven». Silvret från Nasafjäll: arkeologi vid Silbojokk (på svensk): 13-18.  seksjon 10395360