Särna
Koordinatar: Särna er ein tettstad i Älvdalens kommun lengst nord i Dalarna, ved Österdalälven, nær norskegrensa. Staden hadde i 2006 ifylgje SCB 768 innbyggjarar. Hovudnæringa er turisme. Gjennom Särna går riksväg 70 og Länsväg 311 (Sälen – Tännäs)
Historie[endre | endre wikiteksten]
Särna (Serne) låg før under Noreg, men blei i 1644 okkupert av 200 svenske bønder leidde av presten Daniel Buskovius, og sidan låg bygda under Sverige saman med grannebygda Idre. Danmark–Noreg godtok offisielt denne overgangen fyrst ved grenseoppgangen i 1751, men slik at vestdelen av ålmenningen til dei to bygdene fall til Noreg; den høyrer i dag Engerdal til. Like nordvest for Särna ligg Njupeskär, den høgaste fossen i Sverige (125 m med 93 m i fritt fall).
Målet i Särna vert rekna til dei norske øysterdalsmåla.
Särna hadde jernbanetilknyting gjennom Limedsforsen-Särna Järnväg 1928–1972
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Särna» frå Wikipedia på bokmål, den 3. august 2012.