Sävsjö

Koordinatar: 57°24′00″N 14°40′00″E / 57.40000°N 14.66667°E / 57.40000; 14.66667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

57°24′00″N 14°40′00″E / 57.40000°N 14.66667°E / 57.40000; 14.66667

Tinghuset i Sävsjö

Sävsjö er ein svensk by og centralort i Sävsjö kommun i Jönköpings län i landskapet Småland. I 2005 hadde staden 5 068 innbyggjarar.

Staden blei grunnlagd som ein stasjonsby som følgje av jernbaneutbygginga i Sverige på 1850-talet og utvikla seg til ein handelsplass rundt jernbanestasjonen.

I 1907 fekk staden eit sanatorium, året etter opna tingretten lokale i Sävsjö. I 1947 fekk staden byrettar som den sjette siste i Sverige. No dominerer næringslivet, som har vore basert på treindustri av ulike typar, av småindustri, men staden blei sterkt berørt av nedgangstidane på 1990-talet og fleire servicefunksjonar vart nedlagde. Mange innbyggjarar har måtte ta seg jobb i nærliggande byer som Jönköping og Vetlanda. Det gamle sanatoriet har fått nytt namn og ny funksjon som konferansehotellet Ljunga park.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]