Såte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei kvinne set såter med rive.

Såte (norrønt sáta, av 'sitje') er ein liten dunge med halvturt gras eller høy.[1] Når ein turkar graset på marka (flathøy) blir det raka saman til såter på kvelden, for å hindra at dogga veter det om natta. Om morgonen når dogga forsvinn blir såtene kasta utover att. Om det er regn eller fuktig i lufta let ein såtene stå om dagen. Når vêret er dårleg kan det henda at ein lyt setta graset i såter fleire gongar før det er tørt nok til å køyra inn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]