Sæleprisingsberget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sæleprisingsberget
fjell
Saligprisingsberget, sett frå Capernaum
Land  Israel
Distrikt Nordlege
Del av Riftdalen
Koordinatar 32°52′56.04″N 35°33′18.61″E / 32.8822333°N 35.5551694°E / 32.8822333; 35.5551694
Kart
Sæleprisingsberget
32°52′51″N 35°33′21″E / 32.88078333°N 35.55581944°E / 32.88078333; 35.55581944
Wikimedia Commons: Mount of Beatitudes

Saligprisingsberget (hebraisk Har HaSimcha) syner til ein ås nord i Israel der ein trur Jesus heldt Bergpreika si.

Romersk-katolsk kapell på fjellet.
Mosaikkgolv ved sidan av kyrkja.

Den tradisjonelle plasseringa til Saligprisingsberget er på nordvestsida av Genesaretsjøen, mellom Capernaum og Genesaret (Ginosar). Den faktiske plasseringa av Bergpreika er ikkje sikker, men den noverande staden (òg kalla Eremosfjellet) har vore rekna som staden i meir enn 1600 år. Staden ligg nær Tabgha. Andre føreslåtte stader i nærleiken er Har Arbel og Karnei Hittin.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det vart reist ei bysantinsk kyrkje nær staden på 300-talet og ho var i bruk til 600-talet. Restane av ei cisterne og eit kloster finst òg. Det noverande romersk-katolske fransiskanske kapellet vart bygd i 1938.

Pave Johannes Paul II feira ei messe på staden i mars 2000.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]