Sæmund Vik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sæmund Vik
Fødd22. mars 1834
Kristiansund
Død28. desember 1896
Kristiania
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, prest, lærar

Sæmund Halvorsen Vik (22. mars 183428. desember 1896) var ein norsk lærar, prest og stortingsmann.

Vik var fødd i Kristiansund, oppvaksen i Frei der far hans var gardbrukar. Han vart uteksaminert frå Klæbu seminar i 1853 og vart student i 1857. I 1861 vart han cand. theol. Styrar av den høgare allmennskulen på Røros frå 1863, seks år seinare vart han styrar av ein folkehøgskuleNordmøre. 1872-76 stiftskapellan i Trondheim, deretter fem år residerande kapellan i Inderøy. Sokneprest i Aure på Nordmøre 1881-84.

Vik vart vald til 5. representant frå Romsdals amtStortinget 1883-85. Han var permittert frå 3. mars 1883 og ut sesjonen. I 1884 møtte han på stortinget, i 1885 hadde han sjukdomsforfall.

Etter 1884 budde Vik dels på ein gard han eigde i Orkdal, dels i Trondheim. Han døydde ugift i Kristiania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]