Særimne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Særimne (norrønt Sæhrímnir) er eit dyr som høyrer til Odin i norrøn mytologi. Kvar dag gjev han mat til alle æsene og einherjane i Valhall.

Snorres Edda fortel at Særimne er ein gris som sjølv om blir eten om dagen, er like heil, og levande, om kvelden. I Grímnismál, som Snorre siterer, er det uklart kva dyr Særimne er. I Gylfaginning seier Snorre: Andhrímnir heitir steikarinn, en Eldhrímnir ketillinn (Andrimne heiter kokken, og Eldrimne kjelen).

Andhrímnir
lætr í Eldhrímni
Sæhrímni soðinn,
fleska bazt,
en þat fáir vitu
við hvat einherjar alask

Grímnismál vers 18

Andrimne lèt
i Eldrimne
Særimne sjode:
ovgodt flesk,
men fåe det veit
kva einherjar mun eta.

Frå Grimnesmål i nynorsk omsetjing av Ivar Mortensson-Egnund.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]