Særskriving

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Særskriving vil seie at ein skriv samansette ord som to eller fleire enkeltståande ord i staden for som eitt enkelt ord (samanskriving). Ord som terrassedør vert til terrasse dør. Orda kan skifte meining slik som at sjukepleiarar vert til sjuke pleiarar, og at rådyrjakt vert til rådyr jakt. Særskriving er altså ei mogleg kjelde til språklege misforståingar.

Særskriving blir òg kalla orddeling, som er ei beskriving av det som skjer, men orddeling er eigentleg ei nemning på det å dele eit ord ved bruk av bindestrek på slutten av ei linje.

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Ein teori på kvifor særskriving har vorte så utbreidd, er at det kjem frå påverknad frå engelsk språk. Denne teorien er likevel ganske tvilsam, sidan ein så seint som for tjue år sidan sleit i norsk skule med at elevane samskreiv engelske ord. Ein annan teori er at det kjem av stavekontrollen i tekstbehandlingsprogram. Mange samansette ord finst ikkje i desse programma sine ordlister, og vert dermed markerte som feilskrivne. Særskriv ein orda, blir dei likevel oppfatta av tekstbehandlaren som korrekt skrivne.

Generell tvil om norma er ei anna mogleg forklaring. Når folk blir usikre i grunnleggjande språkreglar, ser ein gjerne at fleire særskrivingar dukkar opp.[treng kjelde]

Døme[endre | endre wikiteksten]

Særskriving opptrer ofte i samanhengar som reklame, logoar, skilt og på bokryggar. Det vert då ofte vist til estetiske grunnar, sjølv om ein må gå ut frå at mange av tilfella i utgangspunktet har opphav i feil, og at estetikk er ei sekundær forklaring.[treng kjelde] Det er òg svært delte meiningar om kor fordelaktig særskriving kan vere estetisk sett, sidan mange meiner at ein feil skjemmer teksten, og at problemet med tilpassing til plassen ein har å skrive på, kan løysast enkelt ved hjelp av ein bindestrek etter vanlege orddelingsreglar.

Eit eksempel er Nynorsk ord boka. Trass i at framsida seier Nynorsk ord boka, står det Nynorskordboka på bokryggen. Dette er svært vanleg, og ein kan finne det igjen på for eksempel juicekartongar. På en eplejuicekartong vil det ofte stå Eple Juice framme, mens det på sida vil stå eplejuice.

Kampen mot særskriving[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonen Astronomer mot orddeling som – trass i namnet, ikkje berre består av astronomar – kjempar mot fenomenet, og hadde per 20. juli 2005 4749 medlemmer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]