Sæter i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sæter med sæterkrysset og Nordstrandvegen, 1962

Sæter er eit område i Bydel Nordstrand i Oslo. Namnet vert assosiert med den senterprega busetnaden kring krysset mellom Ekebergvegen og Nordstrandvegen og området rundt, inkludert haldeplassen på Ekebergbanen.

Namnet kjem frå ein av dei opphavlege gardane i strøket. Bustadhuset på Vestre Seter står framleis i Setervegen nedanfor Ekebergbanen. Andersen-dammen (eigenleg Andersson-dammen) ved Nordstrand vidaregåande skule var ein gardsdam for denne garden, og har namn etter ein av eigarane til garden, Mathilde Caroline Andersson.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vestre Seter / Gresseter». Bekkelagshøgda Lokalhistoriske Forening. Arkivert frå originalen 28. oktober 2007.