Sætravik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sætravik
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fitjar
Gardnummer 46

Sætravik er ein gard på austsida av øya Ålforo i Fitjar kommune med Engesundsleia i aust. I sør ligg garden Fattigmannshamn, i vest Kuvikjo, i nord Hatlevik og Straumøyo.

Garden var opphavleg ein husmannsplass under Fitjargarden, men vart skyldsett i 1723 og vart frå då av rekna som ein eigen gard. Han låg under Fitjargarden til 1755, då brukaren Lars Halvardson kjøpte garden av Ole Michelsen Tosche, som selde alt han eigde for å halde kreditorane på avstand. Seinare har brukarane vore sjølveigarar.

Det er funne ei steinøks på Sætravik.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Første delen av namnet er seter eller støl, samansett med vik. Truleg har Fitjargarden hatt seter på Ålforo, og har gått i land i Sætravik.

Gjennom tidene er namnet skriven Aalfurren, Sættrevigen, Sættervig, Sætrevigen, Sætervik, Sætrevig, Sætervigen, Sætervik og Sætrevik. Daglegnamnet er Sætravikjo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar.