Sævareidfjorden
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sævareidfjorden er ein fjordarm av Bjørnafjorden i Bjørnafjorden kommune i Vestland. Fjorden strekkjer seg 5,5 km nord og nordaust til bygda Sævareid.
Fjorden har innløp i sør mellom Revneneset ved Revnestrand i aust og bygda Strandvik i vest. Stegleholmen og Storeholmen ligg rett utanfor Strandvik. Nordover deler fjorden seg i to. Håvika går nord til garden Håvik, medan resten av fjorden går nordaustover til Sævareid. Håvikamulen på 489 moh stig rett til vêrs mellom Håvika og Sævareid.