Séraphine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Séraphine er ein 125 minutt lang fransk-belgisk spelefilm som hadde premiere i 2008 og skildrar ein bolk av livet til den franske sjølvlærde og vidgjetne kunstmålaren Séraphine Louis. Filmen tek for seg tida frå 1912, då den 48 år gamle Séraphine Loui, etter å ha måla kunstverka sine i løynd, vart kjend med den tyske kunstsamlaren og kunsthandlaren Wilhelm Uhde og fekk kunsten si synt fram offentleg og lagt fram for sal, fram til ho braut saman og vart lagt inn på psykiatrisk sjukehus i 1932, og heilt slutta å måle.

Filmen er på fransk, med somme replikkar på tysk. Handlinga kan stutt oppsummerast slik: Kunsthandlaren og kunstsamlaren Wilhelm Uhde, som hadde tilhald i Paris og hadde vore den fyrste som hadde kjøpt verk av Pablo Picasso og oppdaga verdien i verka til Henri Rousseau, hadde leigd seg eit husvære i Senlis for å skrive og kople av frå Parisarlivet, fekk Séraphine Louis som hushjelp. Ved eit høve kom han til å få sjå hjå vertskapet eit attraktivt målarstykke målt på ei treplate, og vart storleg overraska då han fekk vite at hans eiga hushjelp, Séraphine Louis, var kunstnaren. Etter dette oppstod eit gripande og nært samband mellom den fattige hushjelpa og den framsynte kunsthandlaren, som hjelpte ho fram både økonomisk og til å verte ein offentleg kjend kunstnar. Men det heile fell til sist i grus som fylgje av ein kombinasjon av hennar mentale problem og dei økonomiske nedgangstidene i Europa i mellomkrigstida, som gjorde at Wilhelm Uhde ikkje kunne kjøpe fleire verk av ho.

Filmen vart sett i scene av Martin Provost, ein fransk regissør og forfattar, fødd i Brest i Frankrike i 1957. Manuskriptforfattarar var Marc Abdelnour og Martin Provost. Hovudrolla som Séraphine Louis vart spela av skodespelaren Yolande Moreau, fødd i Bruxelles i Belgia i 1953, busett i Frankrike. Skodespelaren og musikaren Ulrich Tukur, fødd 29. juli 1957 i Viernheim i Tyskland, hadde rolla som kunstsamlaren Wilhelm Uhde. Sjefsfotograf for filmen var Laurent Brunet.

Heidersprisar[endre | endre wikiteksten]

  • Festival du film francophone d'Angoulême 2008 (Festivalen i Angoulême for film med fransk tale, 2008):
    • Beste kvinnelege skodespelar: Yolande Moreau

Filmen har fått fleire César du cinéma, ein fransk årleg heiderspris som vart skipa i 1976 for å heidre dei beste franske filmproduksjonane:

  • Césars 2009:
    • César for beste film
    • César for beste kvinneleg skodespelar: Yolande Moreau
    • César for beste originale filmmanuskript: Marc Abdelnour og Martin Provost
    • César for beste kostyme: Madeline Fontaine
    • César for beste fotografering: Laurent Brunet
    • César for beste filmmusikk: Michael Galasso
    • César for beste dekor: Thierry François
  • Grand Prix du Meilleur Scénariste
  • Filmfestivalen i Newport Beach i California i Sambandsstatane:
    • Beste film
    • Beste mannlege skodespelar: Ulrich Tukur
    • Beste kvinnelge skodespelar: Yolande Moreau
    • Beste iscenesetjar: Martin Provost
    • Beste filmmanuskript: Martin Provost

Plagiatskuldingar[endre | endre wikiteksten]

Produsenten og forfattarane av fimmanuskriptet vart dømd for plagiat av Tribunal de grande instance de Paris 26. november 2010 etter krav frå Alain Vircondelet, som hadde gjeve ut ein biografi om Séraphine Loui med tittelen Séraphine de Senlis.