Sölden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sölden
Söldens plassering (raud) i Imst og i Tirol

Sölden er ein kommune øvst i Ötztal i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen dekker ei flatevidd på 466,9 km² og er såleis den største kommunen i heile Austerrike. Folketalet er i vekst og har nådd 3 500. Kommunen består av landsbyen Sölden og fire bygder. Kommunen, som i sør grensar mot Italia, høyrer til distriktet Imst.

Sölden har 15 000 gjestesenger og årleg over to millionar overnattingar. Turismen er særleg basert på vintersport, med nær ein tredel av flatevidda dekt av isbrear kan vintersesongen strekkast i begge endar. Sidan midt på 1990-talet har det vore vanleg å opne verdscup-sesongen i alpine greiner med renn i Sölden i slutten av oktober månad.

Preget av å vere ein landsby med fjellbønder og ein særleg byggestil, som rådde i heile Ötztal til 1970-åra, har forsvunne, trengt til sides av ein turistisk-alpin byggestil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]