Sølen

Koordinatar: 61°53′5″N 11°31′0″E / 61.88472°N 11.51667°E / 61.88472; 11.51667 Coordinates: Extra unexpected parameters
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sølen
fjell
Land  Noreg
Område Rendalen (Innlandet)
Høgd 1 755 moh.
Primærfaktor 1 018 m
Koordinatar 61°53′5″N 11°31′0″E / 61.88472°N 11.51667°E / 61.88472; 11.51667 Coordinates: Extra unexpected parameters
Kart
Sølen
61°53′05″N 11°31′00″E / 61.884722222222°N 11.516666666667°E / 61.884722222222; 11.516666666667
Wikimedia Commons: Rendalssølen

Sølen (1 755 moh.), òg kalla Søln, Rendalssølen og Rendalssøln, er eit fjellmassiv i Rendalen kommune i Innlandet, sørvest for Sølensjøen.

Det mest spesielle med fjellet er eit stort V-forma skard tvers gjennom fjellmassivet. Ein kan tydeleg sjå skardet på mange mils avstand og frå fly. Det høgaste punktet i skardet ligg på 1250 moh. medan toppen nord og sør for skardet ligg på 1755 moh. og 1688 moh. Skardet gjev fjellet form som ein sadel, noko som òg er opphav til namnet på fjellet. Sølen kjem av norrønt sǫðull, som tyder sadel. Frå toppen skal ein med godt vêr visstnok kunne sjå sju kyrkjesokn inn i Sverige.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Sølen sett frå søraust
Spire Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.