Pytt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sølepytt)
Pytt i ein skog.

Pytt (av norrønt pyttr)[1] er ei naturleg oppsamling av vatn som kan vera på storleik med eit lite tjern eller mindre, til dømes ein mellombels dam etter nedbør (jf. sølepytt). Pyttar kan også oppstå i tilfeldige hol eller fordjupingar i bakken ved lågvatn.

Mindre dyr, som fuglar og insekt, kan bruka pyttar som kjelde til drikke, bading eller næring. Svaler bruker fuktig jord frå pyttar som ein slags sement til å bygga reira sine. Mange sommarfuglar og ein del andre insekt hentar næringsstoff som salt og aminosyrer frå pyttar.[2]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «pytt» i Nynorskordboka.
  2. Adler, P.H. and Pearson, D.L. (1982) "Why do male butterflies visit mud puddles?". Canadian Journal of Zoology, 60 (3): 322–325. doi:10.1139/z82-043