Sølfest Hansson Urdahl
Sølfest Hansson Urdahl | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 26. april 1819 |
Død |
19. august 1878 (59 år) |
Yrke | bonde, politikar |
Språk | norsk |
Far | Hans Arnesen Urdahl |
Sølfest Hansson Urdahl (26. april 1819–19. august 1878) var ein norsk gardbrukar, landhandlar, eit mellombod og ein stortingsmann frå Luster i Sogn. Hans Arnesson Urdahl var far hans og Hans Hansson Urdahl bror hans.
Urdahl gjekk underoffisersskulen i Bergen. Deretter var han gardbrukar på Saude i Luster, før han flytta til garden Fagernes i same bygda. Her dreiv han både som landhandlar og gardbrukar før han flytta til Bergen, der han var mellombod.
I si tid i Luster var han ordførar i tolv år, og forlikskommissær i mange år. Han var stortingsmann for Nordre Bergenhus amt i 1857-58, 1862-64. I 1857 var han medlem av desisjonskomiteen, 1862-63 av militærkomiteen medan han på omframstortinget 1864 var medlem av komiteen om korleis avløne hæren.
Urdahl døydde i Bergen i 1878.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Sølfest Hansson Urdahl NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv