Sølver Hanssen Låne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sølver Hanssen Låne
Fødd 12. januar 1788
Lardal
Død

12. oktober 1860

Yrke bonde, politikar

Sølver Hanssen Låne (12. januar 178812. oktober 1860) var ein norsk gardbrukar, kyrkjesongar og stortingsmann frå Lardal i Vestfold.

Låne var fødd på garden Lindisholm i Hem sokn. Han tok over farsgarden, men flytta til garden Låne i Vivelstad sokn då han gifta seg til den garden. Også kyrkjesongar i Hem kyrkje.

Låne var 4. representant på Stortinget 1842 frå Jarlsberg og Larviks amt. Han var medlem av bankkomiteen.

Han døydde på Låne i 1860.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914