Sølvi Ytterstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sølvi Ytterstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. desember 1945 (78 år)
Lødingen kommune
Yrke lyrikar

Sølvi Ann-Karin Ytterstad (fødd i 1945 i Lødingen) er ein norsk lyrikar busett i Harstad.

Ytterstad vaks opp i Vestbygda i Lødingen kommune, og heimstaden har vore inspirasjonen til dei fleste av tekstane hennar.[1] Ho har gitt ut seks diktsamlingar, og ho er representert i fleire antologiar. Med unnatak av debutsamlinga i 1991 er alle diktsamlingane gitt ut på eige forlag. Plukke stjerner blei gitt ut som lydbok med musikk av Helge Sveen.

Ytterstad vekslar mellom å skrive på dialekt, bokmål og nynorsk etter det som ho meiner passar best[2].

Dei mest kjente dikta hennes er Lofotstjerna og Fader vår -år 2000.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1991 - Hinnøystund
  • 1998 - Lita i nord, lyrikksamling
  • 2000 - Havella, lyrikksamling
  • 2004 - Månekorn, lyrikksamling
  • 2005 - Plukke stjerner (lydbok)
  • 2013 - Gudskjelovlandet, lyrikksamling

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Intervju i Bladet Vesterålen, 20.juli 2015
  2. Intervju i Harstad Tidende, 2. november 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]