Storhornet ved Store-Standal
(Omdirigert frå Sølvkallen)

Storhornet (1310 moh.)[1] er eit fjell i Ørsta på Sunnmøre. Fjellet ligg på vestsida av Hjørundfjorden, sør for bygda Store-Standal. På både kart og folkemunne er namnet Sylvkallen nytta. På Standal og i bygdene rundt vert fjellet kalla Storhornet. Sylvkallen er eigenleg namnet på ein fjellknaus som stikk som eit hovud ut av breden på nordsida.[2]
