Sølvnitrat
| Sølvnitrat | |||
| | |||
| Fil:Silver-nitrate-2D.svg, Orthorhombic.svg | |||
| Systematisk namn | Sølvnitrat | ||
|---|---|---|---|
| Andre namn | Helvetesstein, lapis | ||
| Kjemisk formel | AgNO3 | ||
| Atommasse | 168,89291486 atommasseeining | ||
| Eigenskapar | |||
| Tettleik | 4,35 | ||
| Smeltepunkt | 212 | ||
| SI-einingar & STP er brukt om inkje anna er oppgjeve | |||
Sølvnitrat er ei giftig og etsande kjemisk sambinding av sølv, nitrogen og oksygen. I si reine form ved romtemperatur og i atmosfærisk trykk opptrer stoffet som gjennomsiktige eller kvite krystallar.
Teknisk bruk
[endre | endre wikiteksten]Sølvnitrat vert brukt i fotografisk film og i framstillinga av fargestoff. Dessutan utgjer det «kjelda» til sølv ved forsølving (mellom anna forsølving av glasplater som dermed blir til speglar).
Giftig verknad
[endre | endre wikiteksten]Sølvnitrat er giftig ved inntak gjennom munnen eller nasen. Ved kontakt med hud kan stoffet skape brune misfargingar som gradvis blir svarte. Desse misfargingane kan ikkje vaskast vekk eller fjernast — har ein først fått dei, må ein vente på at huda blir sliten vekk, og ny flekkfri hud vert danna innanfrå.
Løysningar med låge konsentrasjonar (t.d. 1 %) sølvnitrat verkar antiseptisk, og har tidlegare vore brukt som augedropar på nyfødde. Lapisstift vert framleis i nokon grad nytta i behandling av sår.