Sølvvengpetrell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sølvvengpetrell

Status i verda: LC Livskraftig

Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, i public domain
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, i public domain

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Aphrodroma
Art: A. brevirostris
Synomym
  • Pterodroma brevirostris
  • Lugensa brevirsotris
Vitskapleg namn
Aphrodroma brevirostris

Sølvvengpetrell (Aphrodroma brevirostris) er ein liten, skifergrå sjøfugl i stormfuglfamilien Procellariidae. Kroppslengda er 36 centimeter. Arten har vorte skildra som ein «taksonomisk kasteball», han blei lenge plassert i Pterodroma, «eigentlege» petrellar, før han blei splitta ut i 1942 og inn i sin eiga slekt Lugensa, seinare Aphrodroma. Slekta vart ikkje allment akseptert før i 1985, jamvel om seinare forsking har støtta splitten. Stillinga innanfor familien er enno under debatt, då han vart delt frå Pterodroma-petrellar det vart antyda at dette kan vere medlem av gruppa havhestar, medan ein studie i 1998 plasserte arten nærare lirer og slekta Bulweria.[1]

Sølvvengpetrellar hekkar i koloniar på avsidesliggande øyar, som Gough Island i Tristan da Cunha i Atlanterhavet, Marion Island, Prince Edward-øyane, Crozet-øyane og Kerguelen-øyane i Det indiske havet. Arten er nattaktiv i koloniane der dei hekkar i hòler i våt jord. Vanlegvis vender inngangen bort frå den rådande vindretninga på staden. Dei legg eitt einskild egg per hekkesesong, egget er uvanleg rundt for familien. Begge foreldra tar del i ruginga i ca. 49 dagar, og etter klekking tar det nye 60 dagar til ungen er flygedyktig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nunn, G & Stanley, S. (1998)Body Size Effects and Rates of Cytochrome b Evolution in Tube-Nosed Seabirds Molecular Biology and Evolution 15: 1360-1371

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]