Søndeled

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Søndeled er ei bygd og eit tidlegare herad i Aust-Agder fylke. Heradet grensa til herada Gjerstad, Sannidal og Skåtøy i nord, Risør bykommune i aust, Vegårshei og Holt i vest og Dypvåg herada i sør.

Kommunesamanslåinga 1964[endre | endre wikiteksten]

I årsskiftet 1963-1964 blei Søndeled herad og Risør bykommune slegen saman til nye Risør kommune. Søndeled hadde då 3134 innbyggarar og Risør hadde 3002 innbyggarar.

Namnet Søndeled[endre | endre wikiteksten]

Namnet Søndeled har opphav som eit fjordnamn og tyder «leia gjennom sunda».

Opprettinga av Søndeled formannskapsdistrikt[endre | endre wikiteksten]

Eit anna namn på gamle Søndeled herad er Østerrisøer landdistrikt, som den heitte før 1865. I 1901 var ein del av Søndeled (Buvika og Krana) overført til Risør.

Søndeled soga[endre | endre wikiteksten]

Det har budd folk i Søndeled heilt sidan siste istid. Nokon av gardane og plassane som gardane står på er frå lenge før Svartedauen. Nokon gardar i Søndeled kommune: Moen, Ausland, Røed, Akland, Øren, Lille Søndeled, Hødnebø, Homme, Sevik, Gjernes, Randvik, Frydendal, Øya, Åmland, Østebø, Korstvet, Hope, Torskeberg, Fie og Nipe. I Søndeled kommune blir dei indre plassane i Søndeled kalla Indre Søndeled og dei ytre plassane kalla Ytre Søndeled.

Skular[endre | endre wikiteksten]

  • Søndeled skole (1-7.kl) - Søndeled skule ligg på Søndeled ved sidan av Søndeled kyrkje. Rektor ved Søndeled skule er Trine Bergum.
  • Hope skole (1-7.kl) - På Hope i Ytre Søndeled ligg Hope oppvekstsenter, Rektor og leiar av oppvekstsenteret er Kristin Nielsen Vintermyr.
  • Risør barneskole (1-7.kl) - Risør barneskule ligg på Randvik i Ytre Søndeled.
  • Risør ungdomsskole (8-10.kl) - Ungdomsskulen ligg på Randvik i Ytre Søndeled.
  • Risør videregående skole - Skulen ligg på Hønseheia i Risør.

Kyrkjer i Søndeled kommune[endre | endre wikiteksten]

  • Søndeled kyrkje: (tidlegare Indre Søndeled kyrkje) Søndeled kyrkje er sett opp på andre halvdel av 1100-talet (ca 1150) som ein mellomkyrkje av mur. Kyrkja ligg på garden og tettstaden Søndeled. Albert Martin Valla er sokneprest i Søndeled kyrkje.
  • Frydendal kyrkje: (tidlegare Ytre Søndeled kyrkje) ligg på grunnen til garden Fyrdendal oppom Risør sentrum. Kyrkja er ei langkyrkje frå 1879, med ca. 300 sitteplassar. Albert Martin Valla og Per Oscar Berg er sokneprestar i Frydendal kyrkje.

Folkenamn[endre | endre wikiteksten]

Dei som bur i bygda Søndeled er kalla søndølingar, dei som bur i Ytre Søndeled er kalla ytre søndølingar og dei som bur frå Moen til Homme er kalla indre søndølingar.

Avis[endre | endre wikiteksten]

Søndølingane har Aust Agder Blad "Arket" som lokalavisa si.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]