Sønke Sønnichsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sønke Sønnichsen
Fødd 1840
Død

5. juni 1903

Yrke prest

Sønke Postumus Sønnichsen (18405. juni 1903) var ein norsk teolog. Sønke Sønnichsen vart fødd i Oslo. Han var student frå 1858, cand.theol. i 1865. Han arbeidde nokre år i skoleverket før han i 1872 vart klokkar og lærar ved Oslo tukthus. I 1876 fekk han stillinga som sokneprest i Lårdal i Telemark, i 1883 vart han prost i Øvre Telemark, i 1884 sokneprest i Ramnes, i 1894 i Tjølling.

Som prost i Øvre Telemark tok Sønnichsen til ords for å få Elias Blix' Nokre Salmar godkjend for bruk i gudstenesta, i tillegg til dei ordinære salmebøkene. Før han lanserte framlegget for kyrkjedepartementet, hadde han ved minst to høve prøva landsmålsalmane i kyrkja, første gong i Høydalsmo kyrkje andre juledag 1884, då dei mellom anna song «No koma Guds englar».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]