Sør-Aurdal prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°49′9.5160″N 9°33′53.899″E / 60.819310000°N 9.56497194°E / 60.819310000; 9.56497194

Foto: Ina Backer / Riksantikvaren

Sør-Aurdal prestegard i Bagn i Valdres, i Sør-Aurdal kommune, vart bygd i 1810 av eidsvollsmann og sokneprest Hans Jacob Stabel. Eigedomen med hovudhus og to uthus er freda av Riksantikvaren. Hovedhuset sitt eksteriør er i hovudsak frå Stabel si tid. Særleg imponerande er dei store og dyre empirevindauga. Fleire av vindauga har glas frå 1810. Hovudbygningen er framleis i bruk som prestebustad og vart rehablitert av Riksantikvaren og Opplysningsvesenets fond i samband med grunnlovsjubileet i 2014.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Magnhild Apeland og Kjell Marius Mathisen: Hans Jacob Stabel og Sør-Aurdal prestegård; i Jørn Holme (red.): De kom fra alle kanter – Eidsvollsmennene og deres hus, Cappelen Damm 2014, s. 195–199. ISBN 978-82-02-44564-5

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]