Sør-Gudbrandsdal tingrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
██  Domsokn i Oppland fylke. Sør-Gudbrandsdal tingrett er markert med gult.
Tinghuset på Lillehammer

Sør-Gudbrandsdal tingrett er ein førsteinstansdomstol under Eidsivating lagdømme, og ligg på Lillehammer i Oppland fylke. Han dekker dei sørlege delane av Gudbrandsdalen, eller kommunane Lillehammer, Gausdal, Øyer, Ringebu og Sør-Fron. Domstolen består av sorenskrivar Elisabeth B. Løvold, éin dommar og éin dommarfullmektig.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Sør-Gudbrandsdal heradsrett har funnest like lenge som det norske sorenskrivarembetet, unnateke perioden 1719-1731, då domstolane i Nord- og Sør-Gudbrandsdal var slegne saman. Domssoknet femna om same område som i dag, unnateke Sør-Fron, og i tillegg Sollia sokn i noverande Stor-Elvdal kommune.

I 1734 blei domssoknet utvida ved at både Nord-Fron og Sør-Fron blei overflytta frå Nord-Gudbrandsdal, men i 1841 blei Nord-Fron, Sør-Fron, Ringebu, Sollia og Øyer frådelt og skipa det nye Mellom-Gudbrandsdal heradsrett. Sør-Gudbrandsdal domssokn omfatta frå då av berre noverande Lillehammer og Gausdal.

I 1909 blei Mellom-Gudbrandsdal heradsrett lagt ned og Sør-Fron, Ringebu og Øyer kom tilbake til Sør-Gudbrandsdal. I perioden 1966-1977 var også Nord-Fron ein del av domssoknet. I 2002 blei nemninga endra til Sør-Gudbrandsdal tingrett.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]