Transkaukasus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sør-Kaukasus)
Hopp til navigering Hopp til søk
Administrativt kart av Kaukasus i Sovjetunionen, 1952-1991.

Transkaukasus, òg kalla Transkaukasia eller Sør-Kaukasus, er den sørlege delen av området Kaukasus mellom Europa og Asia.[1][2] Det strekkjer seg frå Store Kaukasus i nord[3] til grensa til Tyrkia og Iran mellom Svartehavet og Kaspihavet. Området inkluderer låglandet Kolkhida, Kura, Lenkoran, Talysjfjella, Litle Kaukasus og Det armenske høglandet. Heile Armenia ligg i Transkaukasus, i tillegg til mesteparten av Georgia og Aserbajdsjan, inkludert eksklaven Nakhitsjevan. Landa i området produserer olje, mangan, te, sitrusfrukt og vin.

I vestlege språk er uttrykket «Transkaukasus» ei omsetjing av det russiske zakavkazje, som tyder «området bortanfor Kaukasusfjella».

Regionen har fleire omstridde område – Abkhazia og Sør-Ossetia i Georgia, og Nagorno-Karabakh i Aserbajdsjan.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Caucasus». The World Factbook. Library of Congress. mai 2006. Henta 7. juli 2009. 
  2. Mulvey, Stephen (16. juni 2000). «The Caucasus: Troubled borderland». News. BBC. Henta 1. juli 2009. "The Caucasus Mountains form the boundary between West and East, between Europe and Asia..." 
  3. Solomon Ilich Bruk. «Transcaucasia». Encyclopædia Britannica. Henta 3. desember 2014.