Sør-Khorasan
| Sør-Khorasan | |||
| خراسان جنوبی | |||
| Provins | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Region 5 | ||
| Fylke | 11 | ||
| Hovudstad | Birjand | ||
| Areal | 151 193 km² | ||
| Folketal | 768 898 (2016)[1] | ||
| Tidssone | IRST (UTC+03:30) | ||
| • Sommartid | IRST (UTC+04:30) | ||
![]() Sør-Khorasan 32°51′55″N 59°12′59″E / 32.8653°N 59.2164°E | |||
| Wikimedia Commons: South Khorasan Province | |||
Sør-Khorasan (persisk استان خراسان جنوبی Ostān-e Khorāsān-e Jonūbī ) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg aust i landet med Birjand som provinshovudstad. Andre større byar er Ferdows, Tabas og Qaen. I 2014 vart han plassert i Region 5.[2]
Provinsen heitte opphavleg Quhistan og inngjekk i den større Khorasan, men historisk sett har Qohistan hatt sin eigen kultur, historie, miljø og økologi.
Sør-Khorasan er ein av tre provinsar som vart skapt etter delinga av Khorasan i 2004. I starten bestod provinsen berre av Birjand fylke og somme nye fylke som vart lagt til dette (som Nehbandan, Darmian og Sarbisheh), men i dei påfølgjande åra vart alle dei nordlege og vestlege byane og territoria i det gamle Quhistan (som Qaen, Ferdows og Tabas) lagt til Sør-Khorasan.
Sør-Khorasan består i dag av 11 fylke: Birjand, Ferdows, Tabas, Qaen, Nehbandan, Darmian, Sarbisheh, Boshruyeh, Sarayan, Zirkouh og Khusf.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «South Khorasan Province» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «جمعیت به تفکیک تقسیمات کشوری» (på persisk). Henta 29. oktober 2023.
- ↑ «همشهری آنلاین-استانهای کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند (Provinces were divided into 5 regions)». Hamshahri Online (på persisk). 22. juni 2014 (1 Tir 1393, Jalaali). Arkivert frå originalen den 23. juni 2014.
