Sør-Odal prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°14′36″N 11°45′40″E / 60.2433610644°N 11.7611665083°E / 60.2433610644; 11.7611665083 Sør-Odal prestegard eller Strøm prestegard ligg rett vest for Strøm kyrkje.

Både kyrkja og prestegarden har røter attende til mellomalderen. Bygningane på prestegarden er av varierande alder. Hovudbygningen frå 1818 er eit laftebygg i to etasjar med ståande panel utvendig. Stilen er empire. Forpaktarbustaden er rekna for å vere frå litt før midten av 1800-talet, og stabburet er frå 1791. Bryggarhuset er frå 1920-åra, og ein driftsbygning er oppført i 1924. Det finst òg vognskjul og smie. Garden er i drift som forpaktingsbruk.

Prestegarden er rekna for å ha høg kyrkjeleg kulturverdi. Ei rekkje av bygningane er freda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]