Hopp til innhald

Søre Osen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Søre Osen er ei grend som ligg vest i Trysil kommune i Innlandet. Grendesentret er Sjøenden, som ligg i sørenden av Osensjøen.

Coop Marknad Søre Osen er den lokale daglegvarebutikken, og har hatt funksjonen Post i butikk sidan postkontoret i grenda vart nedlagt.

Vestre Trysil skule ligg på Sjøenden. Skulen er barneskule for elevar frå begge sider av Osensjøens søre del, i tillegg til Tørberget, Storsvea og Rysjølia. Søre Osen barnehage held til i same bygg som Vestre Trysil skule.

Søre Osen kyrkje ligg på austsida av Osensjøen, cirka 8 kilometer nord for Sjøenden.