Søren Anton Wilhelm Sørenssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Søren Anton Wilhelm Sørenssen
Soren sorenssen 1793 1853.jpg
Fødd 1793
Død

1853

Søren Anton Wilhelm Sørenssen (22. august 179328. juni 1853) var ein norsk embetsmann og politikar. Han var statsråd 1848–53.

Sørenssen var fødd i Drammen, der far hans, Christian Sørenssen, då var prest og lærar. Han vart student ved Københavns universitet i 1812, tok juridisk embetseksamen ved universitetet i Kristiania i 1816 som den einaste kandidaten det året. Fullmektig i statssekretariatet 1817, og stiftoverrettsprokurator i Kristiania frå 1819. 1822–39 var han høgsterettsadvokat i hovudstaden, der han vart kjend for sine talegåver. I 1827 førte han aktoratet i riksrettssaka mot statsråd Jonas Collett.

Sørenssen representerte Christiania på alle Storting mellom 1830 og 1845. I 1830 og 1833 var han president i Odelstinget. Frå 1833 var han president i Stortinget. Han var formann i protokollkomiteen på alle storting frå 1833 til 1845. 1839 var han i tillegg formann i komiteen om lovkommisjonen, 1842 formann i fullmaktskomiteen og 1845 formann i valkomiteen.

Juli månad 1836 leia Sørenssen forhandlingane i Stortinget etter den brå oppløysinga av tinget. Under den påfylgjande riksrettssaka mot statsminister Severin Løvenskiold vart han, som ni år tidlegare, vald til å føre aktoratet.

Sørenssen var med i fleire statlege kommisjonar, så som om sjøvæpninga (1833), ansvarligheitsloven (1839) og om religionsfridomen (1841).

I 1839 vart Sørenssen sorenskrivar i Aker. 19. april 1848 vart han utnemnd til statsråd som sjef for Justisdepartementet. Justisminister 1848-50 og 1851-53, nokre månader i 1850 var han kyrkjeminister.

Han døydde i Kristiania under ein koleraepidemi. Sørenssen skal ha vore det fyrste dødsofferet i epidemien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]