Søren Gyldendal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Søren Gyldendal

Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 12. april 1742
Død

8. februar 1802 (59 år)

Yrke forretningsdrivande
Søren Gyldendal på Commons

Søren Jensen Gyldendal (12. april 17428. februar 1802) var ein dansk bokhandlar og forleggjar. Han grunnla Gyldendalske Bokhandel (no Gyldendal) i 1770. Han var døypt Søren Jensen. Etternamnet Gyldendal kom først til 15 år seinare.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Søren Gyldendal vart fødd i Giver ved Aars, der faren, Jens Mortensen med namn Gyldendal 1710-1771), var skulemeistar, modra heitte Maren Sørensdatter (1708 -1773). Gyldendal gjekk på Aalborg Latinskole og ghekk derfrå til Københavns Universitet i 1766, der han tok ex. phil. året etter. Som student fekk han plass ved Regensen, men gjekk raskt over til praktisk verksemd.

Allereie i skulen synte han å ha tent litt ved å handla med bøker, som han fekk frå København etter at han vorte student starta han kommisjonar ved bokauksjonar, og i 1770 starta han meir og meir med kjøp og sal av bøker i fastare formar. Det er mogleg at han på denne tida overtok den Schiønningske bogforretning, og visst er det at den Kanneworfske bokhandel 1771 vart gjeve namnet Gyldendal, som i 1772 synest å ha vorte eit sjølvstendige forlag. Den første utgjevinga hans var ei forteikning over litteraturen frå trykkefridomstida, som kom ut i 3 bind i perioden 1770-73. Han bidrog sjølv med fleire av meldingane.[1] I tillegg skreiv han òg meldingar til Lærde efterretninger og redigerte mulegvis òg tidsskriftet i perioden 1778-82.[2]

Den 12. juni 1772 ekta han enka etter ein lerretshandlar, Maren Thomasdatter, som gav han ein viss formue. Så utvikla forretninga hans seg så raskt at han i 1776 kunne flytta inn i sin eigen stad i Silkegade, som han så dreiv i 11 år, til han i 1787 etablerte han seg i Klareboderne, der Gyldendal forlag endå held til.

I 1780 var han vorten universitetsbokhandlar, og i 1780 vart han utnemnd til agent og gjorde rask karriere medan han utvikla forlagsverksemda

Ved sida av eit betydeleg handelstalent hadde han interesse for dansk litteratur, og over tid samla han ei rekke namn på sitt forlag. Nicolai Edinger Balle og Christian Bastholm, J.S. Sneedorff og Andreas Schytte, Ove Høegh-Guldberg og Ove Malling, Peder Kofod Ancher, Tyge Rothe osb.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Etter at den fyrste kona hans Maren Thomasdatter døydde i 1776 vart han gift to gongar til, med to systrer, døtrer av professor Jens Kraft i Sorø. Han vart gift i 1779 med Bolette Cathrine (1758 -1790) og i 1790 med Frederikke (fødd 1758, som var enke etter presten J.G. Halling.

I 1795 kjøpte Gyldendal landstaden Rolighed på Østerbro, og her budde han til han døydde.[3]

Han er gravlagd på Assistens Kirkegård.

Avbildingar og ettermæøe[endre | endre wikiteksten]

Det finst eit portrett av Gyldendal frå 1780 måla av Erik Pauelsen. Det vart laga eit litografi av dette i 1858 og eit stikk av A. Neumann i 1870, fleire xylografi, mellom anna av Hans Peter Hansen, og eit litografi av Christian Cato etter teikning av Kristian Kongstad frå 1920. Det er laga ein silhuett av C. Limprecht (Det Kongelege Biblioteket) og eit relieff på gravsteinen hans av Nicolai Dajon i 1815, attgjeve i xylografi av H.P. Hansen i 1870 etter teikning av Magnus Petersen. Gunner Jensen laga ein medalje i 1920.

I 1958 vart Søren Gyldendal Fonden stifta til minne om forleggjaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Henrik Horstbøll, 2001, s. 13.
  2. C. Nyrop, s. 40-41.
  3. Historiske meddelelser om København, bind 4 (1915), s. 509.
Bibliografi

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Søren Gyldendal