Søren H. H. Larsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Søren H. H. Larsen
Fødd9. juni 1920
Død30. august 1997
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
University of Oxford

Søren H. H. Larsen (19201997) var ein norsk fysikar. Han tok militærutdanning i Sverige i 1944 og deltok i militæroperasjonar i Finnmark i 1945. I 1950 tok han cand.real. ved Universitetet i Oslo og doktorgraden tok han i 1958 ved Universitetet i Oxford med Gordon Dobson som vegleiar. Frå 1955 var han amanuensis ved Nordlysobservatoriet i Tromsø. Frå 1959 til 1962 var han lektor ved universitet i Oslo, så ved University of Chicago fram til 1963, før han i 1963-1964 var forskar ved NCAR Boulder. Han reiste attende til Universitetet i 1964 der han var lektor fram til 1987, før han vart seniorforskar ved NAVF fram til 1990.

Han var ein pioner innan arbeidet med stratosfærisk ozon. I 1950 og 1951 utførte han ozonmålingar i LongyearbyenSvalbard. Dette var dei første ozonmålingane frå ein høgarktisk stasjon. Desse målingane var viktige for Dobson då han starta ozon-målingane i Antarktis i 1956.

Målingane hans frå norske stasjonar er nokre av dei lengste måleseriane i verda av ozon.

Frå 1970 til 1976 var han medlem av Den internasjonale ozonkommisjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]