Søren Hille
Utsjånad
| Søren Hille | |||
| Fødd | 24. juni 1836 Leikanger kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 23. oktober 1884 (48 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Høgre | ||
| Yrke | politikar, farmasøyt | ||
| Alle verv |
| ||
Søren Hess Lem Hille (24. juni 1836–23. oktober 1884) var ein apotekar og stortingsmann frå Leikanger i Sogn. Arnoldus og Wollert Hille var brørne hans.
Hille var son til ein proprietær. Sjølv vart han cand. pharm. i 1859. Deretter arbeidde han på apotek i Bergen og i Namsos. Frå 1865 livnærte hans eg som apotekar i Risør. Han var medlem av bystyret i Risør frå 1869, ordførar i nokre år.
Hille var Risør sin representant på Stortinget frå 1880 til -84. I den fyrste perioden var han medlem av vegkomiteen, 1883-84 av jarnbanekomiteen.
Han døydde heime i Risør i 1884.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Søren Hille ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør