Søren Jaabæk
Søren Jaabæk | |||
![]() | |||
Fødd | 1. april 1814 Holum kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 7. januar 1894 (79 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre (1884; ukjend), Moderate Venstre | ||
Yrke | politikar, bonde, lærar, omsetjar, redaktør | ||
Medlem | Norsk Kvinnesaksforening De tretti tyranner | ||
Alle verv |
|
Søren Pedersen Jaabæk (1. april 1814–7. januar 1894) var ein norsk bonde, lærar og politikar fødd i Holmesland i Holum. Han sat på Stortinget samanhengande frå 1845 til 1891, 16 valperiodar. Saman med Johan Sverdrup la han grunnlaget for tuftinga av partiet Venstre.
I 1865 skipa han organisasjonen Bondevenane («Selskabet Bondevennerne») etter inspirasjon frå Danmark. Bondevenane breidde seg utover heile landet og vart ein stor maktfaktor i den korte stunda organisasjonen fanst. Den la òg grunnlaget for mange tenester vi har rekna som naturlege i lang tid, som t.d. samvirketenestene og sparebankane. Jaabæk stilte seg og heile rørsla si under leiarskapen til Sverdrup i 1870– og 1880-åra. Gjennom denne samanslutninga kan ein seie at Venstre vart eit parti i 1884.
Etter oppveksten budde han på Jaabækk i Halse, men flytta til Holmesland i Holum då faren døydde i 1849, og tok over garden. Jaabæk var ordførar i Halse og Harkmark og i Holum i fleire periodar mellom 1845 og 1890.
På Stortinget fekk Jaabæk kallenamnet «Neibæk» på grunn av den sterke motviljen han hadde mot alt som kunne føre til auka offentlege kostnader. Han kjempa innbitt mot alt som smakte av luksus og sentraldirigert embetsmannsvesen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Artikkel om Jaabæk fra statsarkivet i Kristiansand Arkivert 2008-03-11 ved Wayback Machine.
- Liberaleren fra Lista - Ideer om frihet
- Biografisk informasjon om Søren Jaabæk NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1814
- Døde i 1894
- Stortingsrepresentantar 1845-1847
- Stortingsrepresentantar 1848-1850
- Stortingsrepresentantar 1851-1853
- Stortingsrepresentantar 1854-1856
- Stortingsrepresentantar 1857-1858
- Stortingsrepresentantar 1859-1861
- Stortingsrepresentantar 1862-1864
- Stortingsrepresentantar 1865-1867
- Stortingsrepresentantar 1868-1870
- Stortingsrepresentantar 1871-1873
- Stortingsrepresentantar 1874-1876
- Stortingsrepresentantar 1877-1879
- Stortingsrepresentantar 1880-1882
- Stortingsrepresentantar 1883-1885
- Stortingsrepresentantar 1886-1888
- Stortingsrepresentantar 1889-1891
- Stortingsrepresentantar for Vest-Agder
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Stortingsrepresentantar frå Moderate Venstre
- Bonderørsla
- Ordførarar i Halse og Harkmark
- Ordførarar i Holum
- Folk frå Mandal