Søren Laache

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Søren Laache
Søren Bloch Laache.jpg
Fødd31. januar 1854
Død11. mai 1941
NasjonalitetNoreg
Yrkelege, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Søren Bloch Laache (31. januar 185411. mai 1941) var ein norsk lækjar frå Fet i Akershus, professor i medisin som var ein internasjonalt kjend forskar på blod. Han var far til Rolv Laache.

Laache var son til gardbrukar. Etter han vart cand.med. i 1877 fekk han omgåande stilling ved Rikshospitalet som forskar under professor Jacob Worm-Müller på Fysiologisk institutt. Frå 1881 forska Laache ved Patologisk institutt under leiing av professor Hjalmar Heiberg. Her la han i 1883 fram ei gransking om blodet som vekte internasjonal merksemd.

Åra 1833-86 var Laache reservelækjar ved Rikshospitalet, sidan 1887 overlækjar for avdeling B og med ansvar for undervisning. Til doktorgraden i medisin la han i 1890 fram ei avhandling om lungesekken. Han var 1891-95 dosent i patologi ved Universitetet i Oslo og frå 1896 professor i indremedisin same staden, ein posisjon han hadde til 1924. Frå 1898 hadde han òg stilling som overlækjar ved medisinsk avdeling A på Rikshospitalet.

Laache skreiv fleire bøker, særleg vart ei lærebok om urinanalyse utbreidd då ho vart omsett til mange språk. Han var elles 1884-92 redaktør for Norsk Magazin for Lægevidenskaben og 1898-1924 medlem av den permanente farmakopékommisjonen.

I 1898-1924 vart Laache slått til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]