Søren Randal
Hopp til navigering
Hopp til søk
Søren Randal | |
Fødd | 26. januar 1902 |
---|---|
Død | 30. november 1973 (71 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Venstre |
Yrke | politikar |
Søren Olai Hansson Randal (26. januar 1902–30. november 1973) var ein norsk skulemann og lokalpolitikar for partiet Venstre.
Randal voks opp i Eivindvik. Han var ordførar i Gulen kommune i to periodar: 1946 og i 1964 – 67. Han var lærar og skuleinspektør i Gulen, og var leiar av fylkesskulestyret i Sogn og Fjordane og det regionale høgskulestyret. Randal hadde også ei rekkje andre tillitsverv – han var formann i Gulen kraftlag 1949 – 57 samt styremedlem i Vestlandsheimen, Vestlandske Teaterlag og Universitetet i Bergen.
I 1960-åra fekk han i stand ei yrkesfagleg linje i husstell i Eivindvik. Denne vart driven som underavdeling under husstellfagskulen i Førde fram til kring 1972.
Søren Randal vart far til Høgrepolitikaren Håkon Randal.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Artikkelen er omsett frå bokmålswikipedia om Søren Randal.
- Sogn og Fjordane Fylkesleksikon om Søren Randal.