Søren Tybring
Utsjånad
| Søren Tybring | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 6. november 1773 Høland |
| Død |
19. november 1822 (49 år) |
| Yrke | presbyter, politikar |
| Språk | norsk |
| Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Søren Tybring (6. november 1773–19. november 1822) var ein norsk prest og stortingsmann frå Høland i Akershus.
Tybring var son til ein prest. Han vart student frå Herlufsholms skole i Danmark i 1790 og cand. theol. i 1796. Same året vart han personalkapellan i Kristiansand, frå 1798 aftensangprest og rektor ved borgarskulen på Bragernes i Drammen. Ei kort tid i 1802 sokneprest i Karleby på Falster i Danmark, same året utnemnd til sokneprest i Bragernes.
Tybring var 1. representant frå Drammen på omframstortinget i 1814. Dagboka hans frå tingtida er trykt i Historiske Samlinger band II.
Han døydde på Bragernes i 1822.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Søren Tybring ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør