Søren Ve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Søren Ve

Fødd 6. juli 1892
Død

10. august 1974 (82 år)

Yrke skribent

Søren Ve (6. juli 189210. august 1974) var ein norsk lærar, rektor og lokalhistorikar. Han var frå Øvre Årdal i Årdal kommune. Etter eksamen ved Stord lærarskule arbeidde Ve som lærar i 15 år i Luster, Oslo, Rjukan og Bergen. Ve tok matematisk-naturvitskapleg embetseksamen i 1930 med botanikk som hovudfag og i 1941 tok han doktorgraden i botanikk om treslag i indre Sogn. Han arbeidde som lektor ved fleire skular i Bergen: ved Tanks skole 1931-1939, ved Lungegården skole 1939-1942 og frå 1941 ved U. Pihls skole, der han vart rektor seinare. Ved sida av arbeidet jobba han med vitskapeleg arbeid, særleg om treslaga og høgdegrensene for treslaga i indre Sogn. Ve var med å skipa Årdal sogelag i 1949 og han stod sentralt i arbeidet med bygdebøkene for Årdal.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]