Sørfjorden i Risør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sørfjorden er den sørlege og inste delen av Søndeledfjorden, mellom Nordfjorden og Sandnesfjorden. Sørfjorden ligg i Risør kommune i Aust-Agder fylkesør for halvøya Barmen. Han strekkjer seg 7,5 km frå Rødsfjorden i vest til innløpet til eidet som knyter Barmen til fastlandet. Rødsfjorden er òg ein del av Søndeledfjorden og strekkjer seg nordover til Nordfjorden, som ligg på nordsida av Barmen. Den austlegaste delen av Sørfjorden ligg like ved sjølve Risør.

Det ligg fleire små øyar i Sørfjorden, som Rigårdsøya, Tobergsholmen, Stuøya, Hanøya og Engholmen.