Hopp til innhald

Sørfjorden i Sør-Trøndelag

Koordinatar: 63°44′5.3520″N 10°3′16.380″E / 63.734820000°N 10.05455000°E / 63.734820000; 10.05455000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°44′5.3520″N 10°3′16.380″E / 63.734820000°N 10.05455000°E / 63.734820000; 10.05455000

Utsikt utover Sørfjorden mot Stjørnfjorden
Foto: Tommy Gildseth

Sørfjorden er ein fjordarm av Stjørnfjorden i Indre Fosen kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 6 km nordaustover til Mælan i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Holsundvika i nordvest og Tånårvika i søraust. Halvøya Bergkallen strekkjer seg sørover i dei indre delane av Stjørnfjorden og deler han i to, Sørfjorden i sør og Nordfjorden på andre sida. Grendene Husby og Mælan ligg langs dei indre delane av fjorden på sørsida.

Riksveg 718 går på langs sørsida av fjorden, medan Fv133 går langs nordsida i den indre delen av fjorden.