Sørfjorden i Ullsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sørfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Tromsø
Del av Ullsfjorden
Kart
Sørfjorden i Ullsfjorden
69°30′30″N 19°40′25″E / 69.50833°N 19.67361°E / 69.50833; 19.67361
Wikimedia Commons: Sørfjorden, Troms

Sørfjorden (nordsamisk Moskavuotna, vert nytta om heile Ullsfjorden) er den inste delen av Ullsfjorden i Tromsø kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 28 km sørover til Sjøvassbotn.

Fjorden har innløp mellom grenda Skarmunken i vest og Rorholet i aust ved Storstraumen. Aust for Storstraumen går Kjosen søraustover. Olderbakken og Rydeng er to grender på austsida av fjorden og litt lenger inn ligg Sjursnes på vestsida ved Ullsfjord kyrkje. Frå her og innover er det mange busetnader langs begge sider av fjorden, men berre mindre grender og gardsbruk.

Eit lite stykke frå botn av fjorden går Lakselvbukta sørover på vestsida av fjorden. Inst i bukta ligg bygda Lakselvbukt. Sørfjorden svingar her gradvis vestover og endar i ein liten poll kalla Sjøvassbotn. Pollen har innløp via eit smalt sund kalla Sørstraumen.

Fv51 og Fv52 går langs vestsida av fjorden, medan Fv293 går langs austsida.