Sørjerfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sørjerfjorden er ein fjord i Roan og Osen kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 4 km søraustover til Ormneset i botn av fjorden.

Sørjerfjorden har innløp ved Jarnholmen i nord. Like sør for Jarnholman strekkjer Nisneset ut i fjorden frå aust og på sørsida av fjorden neset ligg grenda Sørjer som har gjeve namn til fjorden. Bortsett frå dette er det få busetnader ved fjorden. Fjellet Hesten på 363 meter over havet ligg på austsida av fjorden.

Riksveg 715 går langs austsida av fjorden.

Koordinatar: 64°16′3.7524″N 10°24′3.4668″E