Sørlandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg skuleskipet «Sørlandet»
Kart over Noreg, med Sørlandet markert i raudt
Sørlandet har ein viktig kystkultur.

Sørlandet eit vanleg fellesnamn for landsdelen i Noreg som omfattar Agder fylke, nokre gonger også sørlege delar av Rogaland og Telemark (Grenland). Landsdelen ber preg av eit mildt klima, sommar som vinter, både på grunn av den sørlege plasseringa si og nærleiken til havet. Om sommaren er han eit mykje vitja reisemål for turistar frå resten av landet.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet Sørlandet blei første gongen føreslått av Vilhelm Krag i ein artikkel i Morgenbladet den 16. mars 1902. På denne tida var området rekna som del av Vestlandet. Avisa Vestlandske Tidende kom ut i Arendal, og jarnbanen som skulle gå frå Oslo til Kristiansand og Stavanger skulle kallast Vestlandsbanen.

Sørlandet dukka første gong opp som oppslagsord i Illustrert Norsk Konversasjonsleksikon i 1913. Same året vedtok Stortinget med 83 mot 40 stemmar å døypa om jarnbanestrekninga Oslo-Kongsberg-Kristiansand-Stavanger frå Vestlands- til Sørlandsbanen.

Jubileum[endre | endre wikiteksten]

I ni månader i 2002 hadde landsdelen ei omfattande markering av hundreårsjubileet sitt, med ei rekke kulturarrangement og mykje festivitas. Arrangementet blei kalla Sørlandet i 100.

Grense etter dialekt[endre | endre wikiteksten]

I følgje sørlandsforfattaren Gabriel Scott er det eigentlege Sørlandet berre ei kyststrime som strekker seg frå Åna-Sira i vest til Oksefjorden ved Tvedestrand i aust, med ei nordleg grense som buktar seg opp og ned frå 30 til 50 km inn i landet. Dette er i følgje Scott ”den bløde kyststribe”, der dialekten er prega av at ein ofte bruker stemte konsonantar framfor ustemde, som b heller enn p. Området han viser til er frå gammalt av blitt kalla Agdesida. I nord går grensa for Agdesida og Sørlandet i følgje Scott mot området som i gammal tid hadde namnet Råbyggelag.

Skarre-r-en er også eit kjenneteikn ved sørlandsdialekten. Risør ligg aust for skarregrensa, men har heller ikkje full rulle-r. Der Sørlandet byrjar, finst ein dialekt der ord som endar på r blir uttala utan ending. Bynamnet Risør blir til dømes her uttala slik: [risæ']

Sørlandsbyar[endre | endre wikiteksten]

Sørlandsbyane har gjerne tettbygde hus av måla tre.

Frå vest mot aust: