Sørlandets litteraturpris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vinnarane av Sørlandets litteraturpris i 2014, Tone Klev Furnes og Agate Øksendal Kaupang saman med fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund.
Foto: Grethe Tvede (AAbk)

Sørlandets litteraturpris er ein litteraturpris som vert delt ut årleg av bokhandlarane og biblioteka i Agder-fylka. Ein jury plukkar ut opp til fem bøker. Lesarane kan stemmast via SMS og på Internett og det vert lagt ut stemmeskjema i alle bokhandlane og folkebiblioteka slik at alle lesarane på Sørlandet kan stemma fram sin favoritt. I mandatet til juryen står det at forfattaren må anten bu eller ha anna tilknyting til Sørlandet, boka må vere gitt ut føregåande kalenderår og vera innanfor genrane generell- eller skjønnlitteratur for barn, ungdom eller vaksne, og at bøkene skal nominerast ut frå litterære kvalitetar. Frå 2011 var prisen delt i to klassar, ein for skjønnlitteratur og ein for sakprosa. I 2010 vart det i tillegg til den vanlege prisen delt ut ein heiderspris som gjekk til Kjell Askildsen.[1]

Vinnarar av Sørlandets litteraturpris[endre | endre wikiteksten]

[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Prisvinnere!»». Nettstaden til Sørlandets litteraturpris. 24. april 2013. Henta 23. august 2013. 
  2. ««Sørlandets litteraturpris»». Sørlandets litteraturpris. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]