Sørmarka

Koordinatar: 59°46′37″N 10°53′06″E / 59.777°N 10.885°E / 59.777; 10.885
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°46′37″N 10°53′06″E / 59.777°N 10.885°E / 59.777; 10.885

Sværsvann sett frå fylkesveg 155 mot Sørmarka.

Sørmarka i Oslomarka er eit samleomgrep for det som i hovudsak må sjåast på som fem skogsområde sør for Oslo, skilde frå kvarandre med jordbruksareal, tettbygde stader, jarnbaner, vegar og industriområde. Sørmarka ligg i kommunane Enebakk og Nordre Follo i Akershus fylke.

Den nordre luten av Sørmarka vert kalla Skimarka, og elles har ein Gaupesteinmarka, Nøstvedtmarka, Holstadmarka og Svartskog. Mellom desse ligg tettstader, dyrka mark, jernbaner, vegar og industriområde. Men i det store og heile er det likevel mykje som taler for å sjå på Sørmarka som eitt sams skogs- og friluftområde med småkupert ope terreng og låge åsar som eignar seg godt for friluftsliv, sjølv om Svartskog og Nøstvedtmarka er område som lova om Oslomarka ikkje gjeld for, då dette ligg utanfor det området som er definert som Oslomarka. I nordaust er Sørmarka avgrensa mot Østmarka langs fylkesveg 155 frå Oslo til Ytre Enebakk, og vidare sørover langs vatnet Mjær og vidare fram til Tomter.

Den høgste åsen i Sørmarka er Mjærskaukollen på 300 meter over havet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]