Sørmarka i Stavanger

Koordinatar: 58°55′50.761″N 5°42′51.970″E / 58.93076694°N 5.71443611°E / 58.93076694; 5.71443611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°55′50.761″N 5°42′51.970″E / 58.93076694°N 5.71443611°E / 58.93076694; 5.71443611

Sørmarka og tårnet på Ullandhaug, ein ås i området
Foto: Anders Almaas

Sørmarka er eit bar- og lauvskogområde som ligg om lag fire kilometer sør for sentrum av Stavanger. Dette er det største samanhengande friområdet i kommunen. Området høyrer til i bydelane Hillevåg og Hinna, og er delt av motorvegen Europaveg 39 mellom Stavanger og Sandnes, jamvel om vegen på ei strekning gjennom skogen er lagt i tunnel.

Det laga til eit godt utbygd turvegnett i Sørmarka, til saman på om lag åtte kilometer, medrekna ei 3,7 kilometer lang lysløype (opplyst skiløype). Foreininga Sørmarkas Venner har bygd ein gapahuk på åsen Hinnaberget, som alle kan gjere seg nytte av, og der det alltid skal vere turr ved til å nøre opp eit bål med.

Skogen i Sørmarka er dominert av gran og furu, med innslag av lauvtre som til dømes bøk og lerk. Mesteparten av skogen, både bartrea og lauvtrea, er planta.