Hopp til innhald

Sørreisa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sørreisa
Straumen
tettstad
Reisfjorden med Sørreisa i framgrunnen. I bakgrunnen kan ein sjå øya Senja.
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Sørreisa
Areal 1,38 km²
Folketal 1 271  (2023)
Folketettleik 921 / km²
Postnummer 9310 SØRREISA
Innbyggjarnamn Sørreisværing
Preposisjon i Sørreisa
Kart
Sørreisa
69°08′43″N 18°09′11″E / 69.14528°N 18.15294°E / 69.14528; 18.15294

Sørreisa, også kalla Straumen, er ein tettstad og administrasjonssenteret i Sørreisa kommune i Troms fylke.

Sørreisa frå skysstasjonen mot nord. Foto: Jens Holmboe (1880–1943), Reinbeitekommisjonen, 16. april 1915

Tettstaden har 1 271 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg mellom Reisfjorden og Reisvatnet. Sørreisa har tre daglegvarebutikkar og post i butikk, hotell, bibliotek, kulturhus, kino, idrettshall og symjehall. Sørreisa sentralskole er lokalisert her, med dei fem siste klassetrinna i grunnskolen.[1][2]

Sørreisa er møtepunkt for fylkesvegane 86 og 84. I tettstaden står Straumen kapell, ei langkyrkje i tegl og tre frå 1973. Om lag 5 kilometer sørvest for tettstaden ligg bygda Skøelv.

  1. «De handle om å leve....midt i Troms». Sørreisa kommune. 23. september 2011. Henta 6. september 2016. 
  2. «Sørreisa – tettstedet». Store norske leksikon. 17. februar 2009. Henta 6. september 2016.