Sørrollnes kapell
Sørrollnes kapell | |||
kyrkje | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Kommune | Ibestad | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
Prosti | Trondenes | ||
Sokn | Ibestad | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Ric. Bjørn | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 12. desember 1976 | ||
Takryttar | På mønet | ||
Kyrkjegard | Nokre hundre meter frå kapellet | ||
Preikestol | 1976 | ||
Døypefont | 1976 | ||
Altartavle | Trekross | ||
Orgel | Harmonium | ||
Sitjeplassar | 110 | ||
![]() Sørrollnes kapell |
Sørrollnes kapell er eit kapell på Sørrollnes i Ibestad kommune i Troms og Finnmark fylke. Kapellet er ei langkyrkje i tre som er bygd for 110 sitjeplassar. Det vart innvigd i 1976. Kapellet er modellert på ei typeteikning for kyrkjestove frå firmaet Ric. Bjørn. Sørrollnes Kapellforening står bak drifta av kapellet.
Det kvitmåla kapellet har ikkje altartavle, men ein enkel trekross på fondveggen. Til høgre for krossen heng eit bilete som er måla i kopi etter Heinrich Hofmann sitt bilete av Jesus i bøn i Getsemane i Riverside Church i New York.
Gravplassen ligg nokre hundre meter nord for kapellet, aust for Kirkegårdsveien.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Ronny Trælvik og Arne Ivar Hanssen (2017). Kirkene i Troms III. Bok i Nord. s. 140–145. ISBN 9788293393108.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Alf Henry Rasmussen (1993). «Sørrollnes kapell, Sørrollnes». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Vanebo forlag. s. 138. ISBN 82-75-27022-7.