Sørsamisk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sørsamisk historie er historia til sørsamane. Språka sørsamisk og umesamisk er relativt like kvarandre, så skilnaden dei to folka i mellom treng ikkje gå svært lenger attende enn 500 år. Desse to språka skil seg derimot svært mykje frå meir nordlege samiske språk, så her må den oppsplittinga i ulike grupper vere langt eldre.

Oppsplittinga mellom sørsamisk og meir nordleg samisk[endre | endre wikiteksten]

Sørsamisk og i alle fall delar av umesamisk skil seg frå dei andre samiske språka ved å ikkje ha stadieveksling, og ved å ha eit system av omlyd og av palatalisering som ikkje finst i dei andre samiske språka. Ante Aikio har også argumentert for at det paleo-europeiske (før-samiske) substratet i sørsamisk skil seg frå det i nordsamisk, noko som eventuelt kan forklarast ved at dei har assimilert ulike føruralske (og førgermanske) språk. Dei første dialektskilnadane mellom ulike delar av ursamisk er omtrent 1500 år gamle (jf. samisk språkhistorie for oversyn og referansar).

Sørgrensa for det sørsamiske området[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske funn fram til 2009 i sørlege strøk av Noreg har blitt tolka som restar av samisk nærvære. Dette gjeld mellom anna funn i Lesja, i Vang i Valdres og i Hol og Ål i Hallingdal.[1] Desse funna har blitt tolka som teikn på at det fanst ein blanda norrøn og samisk folkesetnad i fjelltraktene i Sør-Noreg i mellomalderen.[1] I doktorgradsavhandlinga si frå 2008 skreiv arkeologen Jostein Bergstøl at samar truleg budde i Østerdalen-området for 1500 år sidan. Dei levde av fangst, og byrja først med tamrein då etniskenordmenn byrja bruka seter og fjellbeite på 1500-talet.[2]

I 1889 fekk Yngvar Nielsen i oppdrag av styresmaktene å undersøkja kor langt sør den samiske busetjinga i Noreg har strekt seg, i samband med stridsspørsmål om samiske rettar til land i Midt-Noreg. Han konkluderte med at samane ikkje hadde budd lenger sør enn Lierne i Nord-Trøndelag fram til rundt 1500, og at dei då hadde teke til å vandra sørover. Han meinte at dei nådde Tyldalfjella ved Femunden på 1700-talet.[3] Denne hypotesen vert framleis akseptert av mange historikarar, til dømes i Trøndelags historie, som kom ut i 2005.[4] Det blir framheva til støtte for Nielsen sitt syn at det ikkje finst spor i kjeldene av samisk busetjing i sørlegare strøk i mellomalderen, og heller ikkje samiske stadnamn i Røros- og Femunden-traktene. Mot dette blir det trekt fram at den samiske kulturen var nomadisk og skriftlaus, og at samane si stilling som minoritet har ført til at eventuelle samiske namn i desse områda har blitt fortrengd av norske.[1]

Nyare sørsamisk historie[endre | endre wikiteksten]

Sørsamane var pionerane i den organiserte samerørsla, med Elsa Laula Renberg og Daniel Mortenson som sentrale namn.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Hege Skalleberg Gjerde (2009). «Samiske tufter i Hallingdal?». Viking (Oslo: Norwegian Archaeological Society) 72 (2009): 197–210. 
  2. «Samisk jernalder i Østerdalen». forskning.no. 14. januar 2008. «Jostein Bergstøl har skrevet doktorgradsavhandling om samer i Østerdalen, etnisitet i jernalderen og middelalderen i det nordøstre Hedmark. Arkeologen har gjort en helhetlig sammenstilling av arkeologiske funn av gravsteder og fangststeder, noe som ikke har vært gjort tidligere. Han mener å dokumentere at det har vært en omfattende samisk bosetting i Østerdalstraktene allerede 1500 år tilbake i tid.» 
  3. Yngvar Nielsen (1891). «Lappernes fremrykning mot syd i Trondhjems stift og Hedemarkens amt». Det norske geografiske selskabs årbog (Kristiania) 1 (1889-1890): 18–52. 
  4. I. Bull et al., Trøndelags historie, (Trondheim, 2005)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bergsland, Kunt 1970: Om middelalderens finnmarker. Historisk tidsskrift nr 4 (1970): 365–409.
  • Bergstøl, Jan 2008: Samer på Dovrefjell i vikingtiden – et bidrag til debatten omkring samenes sørgrense i forhistorisk tid Arkivert 2019-10-16 ved Wayback Machine.. Historisk tidsskrift 1 (vol 87).
  • Haarstad, Kjell 1992: K. Haarstad, Sørsamisk historie. Ekspansjon og konflikter i Rørostraktene 1630-1900. Tapir, Trondheim 1992.
  • Nielsen, Yngvar 1889-90: Lappernes fremrykning mot syd i Trondhjems Stift og Hedmarkens Amt. Det Norske Geografiske Selskabs Årbog s. 18–52
  • Sandnes, Jørn
  • Zachrisson, Inger (2007). Arkeologi inför rätta - sydsamernas äldre historia. Historisk rätt? : kultur, politik och juridik i norr. Riksantikvarieämbetet. Stockholm. 
  • Zachrisson, Inger (2004). Idre sameby - sydligast i Sverige. Idre sameby: med historiska spår i framtiden. Bokserie Gaaltije 3. Östersund. 
  • Zachrisson, Inger (1997). Möten i gränsland :.samer och germaner i Mellanskandinavien. Stockholm: Statens historiska museum Monographs 4.